Leserinnlegg: Spis norsk bygg!

Spis norsk bygg er den klare oppfordringen fra Øvre Folldal Bygdekvinnelag bygdekvinnelag.

Mange gamle tradisjonar hamnar av ulike grunner i gløymeboka etter kvart som samfunnet utviklar seg og folk ikkje har bruk for dei lenger.  Ein av tradisjonane som absolutt ikkje fortener å verte gløymt, er bruken av bygg i Noreg. På verdas matvaredag den 16. oktober aksjonerer difor Norges Bygdekvinnelag for å auka bruken av norsk matbygg.

Eitkvart land har ansvar for å produsera mat til eiga befolkning så langt som råd er. Dette har vore eit sjølvsagt politisk mål i dei fleste land i lange tider, men er no forsterka av FN sine berekraftsmål. Berekraftsmål 2 seier at vi innan 2030 skal utrydde svolt, oppnå global matsikkerheit, betre ernæringa og fremje berekraftig landbruk. Det er ikkje lite! Berekraftsmåla gjeld alle verdas land, ikkje berre dei fattige. Det forpliktar også Noreg.

Dei siste tiåra har vi sett aukande import av matvarer til den norske marknaden. Ein del mat som vi ikkje kan dyrka her i Noreg, må vi sjølvsagt importera. Men det er også eit stort rom for å auka produksjonen av somme norske matvarer, og dette bør vi nytte oss av.

For å produsera så mykje mat som mogleg og å nå dei landbrukspolitiske måla Stortinget har sett, må vi bruka alle ressursane i landet. Sidan matjord ikkje kan flyttast, må vi gjera det beste ut av ressursane akkurat der dei ligg. Bygg er eit nyttig og robust korn som er godt tilpassa det norske klimaet, og som ein kan dyrka i store deler av landet. Auka byggproduksjon vil bidra til både god ressursutnytting, arbeidsplassar i distrikta, og ivaretaking av det vakre kulturlandskapet som kjenneteiknar store deler av Noreg. Ikkje minst vil auka inntak av bygg, som er eit sunt kornslag rikt på kostfiber, kunne ha en stor positiv verknad på folkehelsa.

Bygg er ein hardfør kornsort og var difor eit vanlig kvardagskorn i gamle dagar. Da vart det først og fremst brukt til flatbrød og graut. Med det moderne kjøkkenet ser vi eit breiare mangfald av moglegheiter for bygget. Ein kan blanda det i brød, pizza og andre deigar, tilsetje det i supper og gryter, bruka det i salatar eller wraps, og nytta det som erstatning for både ris, pasta og couscous. Moglegheitene er mange, og dette er helsekost på sitt beste.

Det høyrest kanskje for godt ut til å vere sant når vi seier at det går an å produsera meir kortreist og miljøvenleg mat her i Noreg, som også er både sunn og god. Men det er faktisk mogleg. Og det byrjar med at du som forbrukar vel bygg i butikken eller spør etter det når du handlar.

Den 16. oktober feirar vi i Øvre Folldal Bygdekvinnelag bygdekvinnelag det flotte, norske bygget ved/utanfor Joker Dalholen. Du er hjarteleg velkommen innom!

Tekst: Øvre Folldal Bygdekvinnelag bygdekvinnelag.

Foto: Skjermdump.